NARVIK: Frå Skjomen ved Narvik Odd Arnt Christensen 8 år har vore i Stothågån - skibakken. Kretsformannen Martin Sletteng har vore på fjorden. Foto: Privat
NARVIK: Frå Skjomen ved Narvik Odd Arnt Christensen 8 år har vore i Stothågån - skibakken. Kretsformannen Martin Sletteng har vore på fjorden. Foto: Privat

Utdanning og lofotfiske

Anders Sakrisvoll vil i Fjell-Ljom presentere en serie med artikler som omhandler minner fra barndommen og opplevelser knyttet til Johan Falkberget. Del ti heter Utdanning og lofotfiske.

Publisert Sist oppdatert

Etter konfirmasjonen var eg i tida som kom innom fleire arbeidsoppgåver og yrke. Lite framtid i å vimse slik. Eg var usikker på kva eg dugde til, men hausten 1948 bestemte eg meg for å søke folkehøgskole. Etter normen var eg for ung, men eg kom inn på alle eg søkte. På grunn av lovnad om bra stipend valde eg DNT si folkehøgskole - Solbakken folkehøgskole på Skarnes. Så vart det folkehøgskole, diverse kurs og fire år ved Elverum lærarskole. Såmmårjobb var å måle fleire av bygningane på Solbakken, saugjeting og gårdsarbeid litt her og litt der.

30. juni 1955 var tida ved Elverum lærarskole over. Vitnemål - underskrive av rektor Hermann Norendal - var i mitt eige. Undervisning og å ta seg av unge ville bli det neste. Jobbsøknader måtte til. Eg ville prøve meg fram. Store skolar med på hundrevis av elevar var uaktuelt. Sendte søknader til utlyste jobbar sør, vest og nord i landet. Det vart mye å velge i. Eg beit på eit velforma tilsettingsbrev frå skoleinspektøren i Lakselv kommune, Finnmark. Eg hadde kontakt med ein kamerat frå folkehøgskoletida som hadde busett seg i Lakselv. Han kunne fortelle meg at eg skulle ha ansvaret for undervisninga for ein 4. klasse med samisktalande ungar ved Kistrand skole. Interessant, men for stor oppgåve for meg. Eg seier som Johan Falkberget: Noen begavet språkmann har jeg aldri vært.

I staden for Kistrand og Lakselv vart det Lengenes skole i Ankenes kommune i Nordland. Lengenes var ein av fire skolekretsar ved den veglause fjorden Skjomen vel ei mil sør for Narvik. Skjomen vart kalla Narviks kjøkenhage. Der var det frodig. God jord og natur som skjerma for ver og vind. Det vart sagt at på ein plass ved fjorden kunne dei år om anna hausta eple. Nærast til bustaden min – ei nokså enkel hytte – var fire/fem mål med rabarbra. Mye av det som vart produsert ved fjorden vart omsett på torget i Narvik.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud. Se alle abonnementer her.

Digital
1 måned

120,-

KJØP

Digital
3 måneder

450,-

KJØP

Komplett
1 år

1500,-

KJØP

Powered by Labrador CMS