Da Jon Lars gjekk ut av ti'a 21. februar, var det «biledele' tålå» ein heil vegg som datt-ut i Ålen Idrettslag. Den altoppslukande fritids-interessa og -beskjeftigelsa hans i over 40 år, samanhengande, for idrett og idrettslaget vart krona med æresmedlemskapet i 2002.
Han var eit multi-talent, idrettsleg eit stor-talent og «barne-stjerne». Yngre-broren, Lars Eilif, nemnte i grav-talen at «ryss-pjokkan» var priviligerte med eit par bokse-hanskar, men utanom nase-blodet heime, starta det på fotballbana, i hoppbakka og i langrennsløypen.
Kven har ikkje høyrt om gutefotballaget først på 1960-talet? To KM-titlar, den eine med heile 84-0 i mål-skilnad! Og strategen i det laget var'n Jon Lars. Kåra til årets spelar i 1971. Inntil han la fotballen på hylla i 1982 vart det representasjon i fleire kampar på kretslaget.
På ski vart det ein 2.-plass i Hovedlandsrennet (for-løpar til NM). Etter 1964 vart det langrenn, orientering og terrengløp med m.a. desse høgdepunkta: 9. og 11.- plass i NM ski-stafett og 5.-plass i 2-dagers fjellorientering. Ein kuriositet er NM-femmila i Sørreissa 1973. Da vart nok Jon Lars ein av dei siste som fullførte ei slik kraft-prøve med treski på blaut-føre!
Så dreiv han ein særs spesiell hobby: Når stål-isen hadde lagt seg på Riasten om hausten, gjekk han sjøen rundt på skeiser. Ein gong hadde han ikkje eitt tørt plagg på skrotten da runden var gjort . . . .
Har bladd-gjennom 33 nr. av lagsavisa FRISKUS (forløparen til Bygdabladet) og fann resultat, bile'er, omtale og/eller innlegg om/av 'n Jon Lars i mest alle! Frå eit portrett i nr. 4-93 siteres:
«Jon Lars kom med som formann i fotballgruppa i 1973 og etter det har han hatt tillitsverv i laget hele tiden. Han har vært leder i fotballgruppa, orienteringsgruppa, anleggsutvalget, trimgruppa. I tillegg har han vært leder av laget i tre år. Han har selvfølgelig vært innom skigruppa. Hatt en betydelig rolle i avviklingen av to-dagers fjellorientering i alle år og NM i skyting tre ganger. Han har vært fotballdommer på kretsnivå, ledet herretrimmen i flere år og har vært trener i flere idretter. Den største innsatsen har han likevel lagt ned i anleggsutbyggingen. Uten hans innsats er det vel lite trolig at vi har sittet med de anleggene vi har i dag. Hans kunnskaper om anleggsutbygging er gode å ha når man skal inn i søknadsprosedyrer for å få statlige midler samt alt som har med papirarbeid å gjøre.»
Så må vi prøve å skjønne at da dette vart skreven, var berre halvparten av innsats-tida hans for Ålen IL unnagjort! Nestan rart at'n ikkje fekk æresmedlem-skapet før i 2002, men det har sikkert med at laget 75-års-jubilerte det året.
Det første klåre minnet eg har om'n Jon Lars som idrettsadministrator etter eg kom åt Ål'n i 1976, var da han som lagsformann (1976 og -77) med sikker hand leda 50-årsjubileumsfesten og ga eit resymé over dei første femti åra. I 1977 vart'n kåra til årets namn i laget. Så mått'n gå-på-att som lagsledar i eitt år under tillitsmannskrisa i 1993!
Han var formann i daverande N.-Østerdal Skikrets i to år, 1979/-80. Han var framfor alt sentral i alt som hadde med anskaffelser, skjøtsel, drift og operering av anlegg og hjelpemidlar å gjera. Det er i grove trekk alt nemnt i Friskus-sitatet frå 1994 over, og det vil bli for langt å ramse-opp alt.
Men nemner særkilt hopp-bakkar og lysanlegg i Unsholtet, lysløypa innover Langlands-marka, fleire byggestadier på Kirkhusmoen, kjøp/drift/kjøring av snøscooterar (frå 1980) og løype-maskinar (frå 1985), planlegging/anlegg/drift av turløype-nettet. Rundar av med tildelinga av Holtålen kommune sin kulturpris. Det skull' berre mangle!
Men Jon Lars var så mye meir enn den idrettslege: Ein krumtapp, vel-gjørar, ildsjel og patriot i det meste rundt seg. Etter folkeskule og realskule heime i Ålen, bar det til Sverige og to år på Stockholms Tekniska Institut.
Etter militær-tenesta hadde han den første jobben i Oslo, men treivst ikkje betre der enn at han vende attende åt Ål'n etter berre eitt år. Først ei stund hjå «Ole Pi», men ganske snøgt vart det kommunen, og der vart han yrkes-karrièren ut.
Han var den tredje tilsette i det som vart kommunen sin Tekniske etat, formelt som kommune-teknikar, men som «poteten» vart han brukt til alt. Som nytilsett etat-ledar, og i alle år, var eg «høgrehands-avhengig» av'n Jon Lars. Hovud-anvaret var uteseksjonen som han dagleg styrte via arbeidformannen.
Aldri har eg møtt noen med slikt pågangsmot, iherdighet og gjennomføringskraft. Det var eit godt arbeidsklima og lite behov for dirigering og befalingar, Jon Lars var som regel i gang før vi andran' fekk tenkt ferdig, og han spara seg aldri, uansett tid på døgnet og helg/ørk. I staden for å vente, tok han gladeleg eit arbeidstak sjøl. Han var knall-hard med skrotten, og det kunne gå på helsa laus. Det var kjett å sjå kor han sleit med smertar og somn-løyse og at i tillegg sjukdomen braut han ned.
Ser vi oss rundt i Holtålen, på alle bygg og anlegg som kom-til frå 1970-talet og fram på 2000-talet, hadde Jon Lars meir enn ein finger med, enten som prosjektledar, byggeledar og/eller driftsansvarleg:
Boligbygging i/på Rønningslia, Grøtsfætten, Lønaberget, Jordmorbakken, Svarthåggån, Langlandshaugan og Lunderengshaugan, industriutbyggingar i Hovstrøa og Haltdalen samt utbygging/drift av veg, avløp og renovasjon. Vassverket var (og er) privat, men avtalar om driftsansvaret kravde stadig beredskap og utrykking til alle tider.
Klokke og formell arbeidstid var uvesentleg for Jon Lars. Så alle institusjons-utbyggingane både i Haltdalen og Ålen: Skular, samfunnshus og helse-bygningar, t.d. Dei mange byggetrinna fram mot Helsetunet. Det blir mest ingen ende på oppramsinga, Jon Lars var midt oppi og ein stor del av dette eventyret. Holtålen kommune og bygdan' har mye å takke for!
Jon Lars gifta seg i 1973 med Unni (f. Holden 1954) og dei etter-lét seg tri born og seks borne-born.