SAU OG STORFE: – Ut frå beitekartlegginga kan det vera rom for 7.900 - 9.600 sau eller 1.700 - 2.100 storfe på nordsida av Aursunden, skriver Yngve Rekdal i denne kronikken. Foto: Nils Kåre Nesvold
Utmarksbeitet på nordsida av Aursunden
På nordsida av Aursunden ligg beiteressursar av høg kvalitet i utmark. Det er store areal som kan brukast til produksjon av lokal mat, men utnyttinga her er som elles i Røros kommune, svært låg.
Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har dei to siste somrane kartlagt utmarksbeitet på nordsida av Aursunden. Dette viser eit beite av svært høg kvalitet, særleg under skoggrensa. Rik berggrunn og godt vassig i jorda gjer bjørkeskogen her uvanleg produktiv. Spesielt for området er at mykje av denne skogen er svært kultivert og grasrik. Dette er ein arv etter tidlegare tiders langt hardare utmarkshausting med slått, beite og anna uttak av planter til fôr og trevyrkje til ulik bruk. Beiting og slått fremmar grasvokster og gjev ei open tresetting.
Det gamle haustingslandskapet er ikkje stabilt. Dersom haustinga avtek vil det endre seg. Det ser ein alt i dag, sjølv om det er overraskande kor grasrik og open skogen har halde seg etter mange år med lågt beitetrykk. Truleg er reinen si beiting svært viktig for den gode kultiveringstilstanden skogen framleis er i. Skal dette landskapet takast vare på må det haustast. Dersom beitetrykket blir for lågt vil verdiar knytt til beite, biologisk mangfald og kulturlandskap, tapast. Dette er òg ein del av kulturarven etter gruvetida.
Over skoggrensa dominerer vegetasjonstypen rishei sterkt med artar som dvergbjørk, krekling, blåbær og smyle. Det er òg veldig mykje myr i fjellet, heile 29 prosent av fjellarealet. Men dette er ikkje blaute myrer som elles er vanleg i Trøndelag. Det meste er grunne og faste bakkemyrer av rikmyrutforming, ofte med orkidear og mange andre sjeldne fjellplanter. Den faste myrbotnen gjer at også sau finn beite her. Beste beitet i fjellet finst kring Grønhøgda, i sida av Storskarven, vestsida av Sødalen og sørsida av Storhøgda. Botanisk interessante område forkjem fleire stader. På Grønhøgda og i austsida av Litjmolingdalen blomstrar reinrosa vakkert på rabbane først i juli.
Digital 5 uker for
5 kroner
5,-
KJØP
Digital
1 måned
170,-
KJØP