Olav Nyrønning
(1942 - 2025)
19. desember, i siste avdvent, gjekk Olav Nyrønning ut av ti'a, og med det mista Åla ein stor og dugande bygdepatriot, og vi ein god og hjelpsam nabo.
Foreldra budde først «ne'på Rennola» (Rimsgården) og «borti Buen» i Neerhåggå, og Olav var 5-6 år da han fløtta med dei oppi Bringen ova Graftås-huset og vaks-opp der i nybygd hus saman med fem søskjen, to søstre og tri brør.
«Bringen-klanen» kalla dei seg sjølve. På knausen der var det ein bygda-kjent hoppbakke, «Bringen-bakken» og utfordrande boltreplassar i brattane rundt. I daglegtale vart han kalt «Olav Bringa» Men det store tidsfordrivet vart snart å fiske «katt-kjøe» og mat-fisk i bekkan', elvan', tjønnan' og sjøan' aust og innover, og det var vel helst der og da at frøet til den overlag sterke interessa for bruk, vern og skjøtsel av naturen vart sådd.
Folkeskule og framhaldsskule i Enge-skul'n og Ålen realskole før Staup gartnarskole. I 1963 gifta han seg med Margrethe Julie f. Hegseth i 1943, og utover 1960-talet budde dei i Trondheim medan han arbeidde i Parkvesenet der. Dei etter-lét seg to bonn, tri bonne-bonn og tri olde-bonn. På 1970-talet fløtta dei åt Ålen, og han arbeidde i daverande Haltdalen kommune før kommune-samanslåinga.
I 1973 kjøpte dei gartneriet «Lunheim» i Rønningslia, og dreiv derifrå ei omfattande næringsdrift. Gartnar-verksemda brakte dei i nærkontakt med kjerka, og Olav vart etter kvart del-engasjert både på kjerk-garden og kjerk-kontoret.
Rundt 1990 flytta han over åt Røros-kjerken, og fungerte der som ledar på kjerk-kontoret, og da i gavnet som kjerkeverge, inntil den «nye» kjerkeverge-stillinga vart oppretta ved lov i 1997.
Etter Røros-jobben kjøpte han, og dreiv, Vertshuset Kiempeplassen noen år framover på 2000-talet saman med den andre kona si, Biggles Birgitta f. Smith (1943-2025).
Stort samfunnsengasjement førte han inn i politikken, og han satt i kommunestyret for SV. Men Olavs store gjerning for bygda og samfunnet var den livslange innsatsen hans for friluftsliv og naturstell.
Det starta-opp med arbeidet i og for jeger- og fiskarlaget, noe mellom annet buene ved Holdsjøen og Busjøen står som varige, synlege landemerkje etter, og støtt fiska han og jakta villrein ein del år. Han var ein av initiativtakarane, pådrivar og med-arrangør av dei namngjetne Villmarkskveldane eit drygt ti-år i 1980-90-åra, og som vart landskjente her og delvis òg i Sverige.
Merksemda og mobiliseringa rundt dette gjorde at Holtålen kommunen satsa på å «marknadsføre» seg som villmarkskommune. Så var han gjennom naturvernlaget engasjert i arbeidet som førte fram til varig vern av Gaula-vassdraget mot kraftutbygging.
Eit anna stort monument etter Olav sitt virke, er Bygdapreg, ein lokalpatriotisk 4-mannsgjeng som bygde kapital gjennom produksjon og salg av Ålen-kalenderen (med J. Ø. Hov-bilder) og arrangering av inntektsbringande foredrags-og temakveldar, og som har donert lokal-samfunnet vel-dedig støtte og varige skulpturar for 100.000-vis av kroner.
Så må nemnes den kolossale interessa, initiativa og feltarbeida hans med å berge og bygge opp-att fjellrev-stamma. Det starta i naturvernlaget i Holtålen og Røros tidleg på 1980-talet, og det vart etablert ei interkommunal fjellrevgruppe (Holtålen/Røros/Selbu/Tydal). Men etter kvart vart det organisert ei overbygging med Felles Fjellrev (EU-posjekt) for Trøndelagsfylka og Jämtlands län. Resultatet: Delvis offentlig finansiering og forvaltning i pakt med flerårige handlingspsplanar.
I alt dette var Olav krumtappen så lenge helsa strakk-til, og han skal ha stor ære for at fjellereven i Midt-Norden no er nedgradert frå utryddingtrua til sterkt trua.
Så var han med i styret i Historielaget og styremedlem og leiar i Bygdamuseets Venner. Fleire somrar engasjerte Olav seg som vert og vegleiar for utanlandske studentar som kom hit for å praktisere kroppsarbeid ute i naturen. Han var òg ivrig medlem i Røros ornitologiske lokallag.
Eit «kongstanke-prosjekt» var å få-til ein modell av Kjøli-gruva anno 1919. Han rakk ikkje det, men etter-lét seg eit stort materiale med gruvkart og bebyggelsesplan og fotoregistrering, grunnriss og oppriss av i alt 21 bygningar/konstruksjonar. Får stoppe oppramsinga her. Det blir uråd å koma-på og rekna-opp alt Olav engasjerte seg i.
Som ring-sluttande avrunding tek eg med at han fekk hand om og restaurerte den eine Rennolsvollen ved Riasten, setra under heim-gard'n åt mora. Der budde han og Biggles vekevis samanhengande fleire periodar årleg, til alle årstider.
Det var liv for villmarkingen, samfunnsbyggaren, idealisten og lokalpatrioten som vi minnes i takksemnd!