HOPPBAKKE: Storåsen i Kuråsen. I fleire tiår var det stor skiaktivitet her. Der det no er granskog var det hoppbakke – Køråsbakken. Foto: Anders Sakrisvoll
Nåe tå kvart del VIII:
1947 - Eit minnerikt år
Anders Sakrisvoll vil i Fjell-Ljom presentere en serie med artikler som omhandler minner fra barndommen og opplevelser knyttet til Johan Falkberget. Del åtte heter Eit minnerikt år.
Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.
Året 1947 med framhaldsskole, hybelliv med elektrisk lys og kveldsturar til stasjonen for å sjå kven som kom eller fòr med kveldstoget, var noe anna enn å glire på bokstavar og siffer med lys frå parafinlampa, arbeid med ved og torv og oppgåver i bås, binge og stall. Konfirmantundervisninga og konfirmasjonen var minnerik. For det tredje var året 1947 heilt spesielt med omsyn til veret. Først ein tørr og kald haust. Så ein vinter med lite nedbør. Knapt halvmeteren med laus snø på flat mark. Enkjerran stakk opp over alt. Det førte til at såmmåren 1947 var mange av enkjerran brune. Regnskurene små og få. Aursunden ikkje fylt opp.
I Viken er terrenget slik at hoppbakkar var det smått med. År med mye snø kunne vi få til tre bakkar med svev på 15 - 20 meter og litt til. Det var Sjursbakken, Tyskbakken og hengfonna i Klasberget. Vinteren 1946/47 var det uråd å få til ein einaste bakke.
Olga Johnsen (1908-2006) budde som ung i e-verket sin bolig på Flaten, sa: «Etter at vi hadde slette ut snøen oppi Litjåsa, fløtta vi borti Storåsen.» Litjåsen var i området der Knut Steinar Bendixvold seinare sette opp bolighus. Storåsen var bakken vest for gården Stentrøa – gnr. 19, bnr.1 - på innmarka til Kristen O. Kurås (Stentrø-Kresten 1872-1955).
Digital 5 uker for
5 kroner
5,-
KJØP
Digital
1 måned
170,-
KJØP