– Ta vare på lokalavisa
Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for Lokalaviser (LLA)
LLA
Det er med stor glede vi gratulerer Fjell-Ljom med 140-årsdagen. Det er ikkje alle forunt å bli så gammal. Å feira 140-årsjubileum er ein imponerande milepæl.
Fjell-Ljom er ei av dei aller eldste
lokalavisene i landet, og kommunane som har ei så solid og god lokalavis i
nærområdet, er heldige.
Over tid har Fjell-Ljom utmerka seg som ei av
dei beste lokalavisene i landet. I fjor vart avisa faktisk kåra til den aller
beste av alle aviser med opplag under 4000. Avisa er sterk innhaldsmessig, og
har dei seinare åra vore framme i skoa når det gjeld utvikling og omstilling.
Fjell-Ljom tek verkeleg samfunnsoppdraget sitt på alvor.
Innbyggjarane i Fjell-Ljom sitt
dekningsområde skal vera svært glade og nøgde med mediemangfaldet i regionen.
Det er ikkje mange område i Noreg som har eit så rikt og solid utval av sterke
og gode medium. Særleg dei to lokalavisene Fjell-Ljom og Arbeidets Rett
konkurrerer om mange av dei same lesarane. Difor er det imponerande å sjå
korleis avisene både utfyller kvarandre og konkurrerer, og korleis dei på kvar
sin måte framstår som sterke og solide lokalaviser.
Vi som har følgt Fjell-Ljom over tid, er
imponerte over den utviklinga avisa har hatt. Frå å vera ei solid papiravis, er
avisa no til stades på alle flater. Ho leverer både på papir og nett, og
imponerer med både podkast og TV. Fjell-Ljom er òg ei av avisene som gjer eit
stort arbeid for å nå og engasjera ungdom.
«Redaktørstyrte medium er grunnleggjande i
eit fritt og demokratisk samfunn. Ytringsfridomen er både grunnlaget og målet
for mediepolitikken. Lokale medium er viktige for lokaldemokratiet. Det er
derfor viktig å behalde eit finmaska nett av lokale nyheitsmedium, og
regjeringa ønskjer å satse på lokalt mangfald.»
Dette sa dåverande kulturminister Trine Skei
Grande då ho presenterte den nye mediestøttemeldinga på Landslaget for
lokalaviser sitt landsmøte i mars 2019.
Fjell-Ljom er ei av desse særs viktige
avisene som tek samfunnsansvaret sitt på alvor, og som gjer at du som les dette
får høyra om det nære og det kjære – om det som er vanskeleg, og om det som
irriterer.
Avisa kan vera ei plagsam veps for nokre, men
det skal ho òg vera. Samstundes er lokalavisa litt som ein fotballsupporter: ho
heiar på bygdene sine og løftar fram det positive, men skal òg vera kritisk når
det trengst – og fungera som ei vaktbikkje.
Lokalavisene er oksygenet i demokratiet vårt,
og vi kan sjå til land som USA og Tyskland korleis det går med demokratiet når
lokalavisene forsvinn. Det er både skremmande og alvorleg. Ta vare på
lokalavisa og tenk kor heldige De er som har Fjell-Ljom.