Yngve Flo skriver om medier, lokaldemokrati og kommunikasjon i denne kronikken. Foto: LLA
Om medier og lokaldemokratiet:
– Visst kan journalistane vere «a pain in the ass»
Yngve Flo skriver om medier, demokrati og kommunikasjon i denne kronikken.
Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.
Fungerer lokaldemokratiet best om vi fjernar mellomledda mellom kommunen, folket og dei folkevalde? Eg tvilar sterkt.
Eg er historikar, og såleis del av ei hundsa og misforstått gruppe menneske som kan finne stor glede i å lese gamle NOU-ar. Nyleg fann eg fram ein retteleg klassikar, NOU 2006:7. Tittelen, for dei som ikkje tek den på sparket, var: Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken.
Det har gått 14 år sidan NOU-en kom ut, men delar av dette er definitivt historie. Om ein les det den dåverande Lokaldemokrati-kommisjonen skreiv om lokaldemokrati og digitalisering, er det i alle høve opplagt at det har runne mange gigabytes gjennom norske nettverkskablar sidan 2006.
Digital 5 uker for
5 kroner
5,-
KJØP
Digital
1 måned
170,-
KJØP