«Spel»-ar vi nokon rolle?

Elden 2025
Publisert

Dette er et leserinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Valget er på veg inn i sin mest intense periode, og kampen om velgarane er intens. Det debatterast kring store tema som arbeid, forsvar, skule og kommuneøkonomi. Men få snakkar om kulturen. Det er den vi fyller vår fritid med. Det er den vi forsvarer. Det er den vi lærer våre barn. Eit land utan kultur er som ein kropp utan skjelett. Utan Elden er Røros ein fattigare plass å bu.

I Noreg har vi over hundre spel som settast opp frå nord til sør. Desse kjenneteiknast ofte med at det er eit lokalt engasjement rundt ei teatergruppe, ei historie eller tema som nokon har lyst til å fortelja. Så engasjerer dette teaterlaget eller venneforeninga nokon til å skrive eit manus, og gjerne musikk. Og så sett dei opp stykket.«Slaget på Stiklestad» kjenner dei fleste til, men det finnes ein fantastisk underskog kring heile landet av liknande forestillingar. Desse forestillingane sørgar for omsetningstall for næringslivet på hundretalls av millionar kroner kvart år. Hotell og serveringsbransjen, turistnæringa og butikkar er delvis avhengige av desse forestillingane. Dei tre største forestillingane, Peer Gynt på Gålå, Elden på Røros og «Spelet om Olav den heilage» på Stiklestad har ein meiromsetning for bedrifter rundt seg på mellom 150 og 200 millionar kroner. Sannsynlegvis enda meir. Og dette er tall som ikkje inneheld deira eigne budsjett. Det er meiromsetning til bedrifter rundt. Likeins er det over heile landet.

Og kva har desse spela å seie for bo-lyst og lokal forankring. Når tusenvis av frivillige er med på dugnad for sitt lokalmiljø, skapar det ei unik forankring. Nye generasjonar veks opp, dei blir med og lærer sangane og rollane. Dei sett opp eigne versjonar av stykket, og den lokale stoltheita har endra mangt eit lite lokalsamfunn. Fleire instansar har byrja å ta fram kultur som ein del av vår nasjonale beredskap, og det er heilt på sin plass.Som oftast har også desse forestillingane eit samarbeid mellom amatørar/frivillige og profesjonelle. Det er ei utruleg viktig inntekstkilde for det profesjonelle kulturfeltet i Noreg. Det er eit utall milionar kroner som går til lønnsmidlar til musikarar, skodespelarar, regissørar, kostyme, koreografi, lyd, lys osv. De nye Regionale Kulturfond er eit verkemiddel som skal løfte samarbeidet mellom frivillige og profesjonelle. Det er ein god start, men ikkje nok. Og ingen veit heller om dette blir ei fleirårig ordning.

Så kvifor er ikkje kultur meir framme i valgkampen? Er det fordi dette feltet blir teke for gitt? Trur vi at dette blir til av seg sjølv, og at det er frivillig arbeid som folk sjølv har ansvar for? Kulturarbeid som dette eksisterer pga samspellet mellom det frivillige og det profesjonelle kultur-Noreg. Og skal det eksistere, treng vi politikarar som forstår dette, og som sett kultur på dagsorden. Og i budsjettet. Dersom vi seier at Spel i Noreg sørgar for omsetning i milliard-klassen, kan det kanskje få oss til å vakne. Men det gjer det!! Og det engasjerer tusenvis av frivillige og profesjonelle. Det redder liv kvart år, for dette er rein folkehelse. Alle spel har historier om kor viktig miljøet har vore for enkeltpersonar som har funne ei trygg havn her.

Så...»Spel»-ar vi ein rolle? Ja, det gjer vi! Kvar ei offentleg krone investert i eit spel, sørger for for kanskje gonger summen inn. Vi øker livskvaliteten og sikrer folkehelse for tusenvis av menneske. Og så sørger vi for av alle som deltek som aktør eller publikummar blir stolte av plassen dei bur.

Styret i Norske Historiske Spel

Jo Inge Nes, Elden på Røros

Hans-Petter Thøgersen (leder), Brottet Amfi, Hvaler

Kari Anne Valsø, Marispelet ved Rjukanfossen

Lene Hagen, Nittedal Teater/Kruttverkspelet

Knut Ola Vang, Den siste Viking, Stadsbygd

Nina Sele, Bømlo Teater/Moster Amfi

 

Powered by Labrador CMS