HØYKJEMME: Dette klarer ein ikkje ved første forsøk. Med god karrive, god rettleiing og ein del øving klarte eg i ungå år å få ei slik kjemme på skuldra og bære den dit den skulle. Kilde: Anders Sakrisvoll
Nåe tå kvart:
Ungdomsår
Anders Sakrisvoll vil i Fjell-Ljom presentere en serie med artikler som omhandler minner fra barndommen og opplevelser knyttet til Johan Falkberget. Del ni heter ungdomsår.
Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.
Fram til konfirmasjonen var programmet lagt. Sjølsagt kor ein skulle bu. Så var det skole og hjelpe til heime. For ein gut var det «kararbeid» ein først og fremst skulle vera ein del av. Aktivitet knytt til hus, dyr, jord, skog og mark. Heime hadde bestefar og onkel rom og utstyr for snekkering. Der var eg ofte innom. I tillegg hadde vi på folkeskolen Håkon Sivertsvoll som sløydlærar. Tidleg prøvde eg meg på høvling, fuging, grading, tapping og sinking. Å bruke kniv på tre var mislykka. Motved same kva ein prøvde.
Dei første åra etter konfirmasjonen kom eg bort i ulike arbeidsoppgåver. Å arbeide i skogen likte eg godt. Far min fortalte meg at først skulle ein rydde kratt og kjerr, så ta ut tre som var «tørre i toppen», felle, kviste, kappe, slå tå litt bork og never (strende). Ein skulle passe på så ein ikkje skadde skudd og ungskog. Torvtaking likte eg dårlegare. Tungt - og så kunne det vera så utrivelege mengder med insekt. Eg lærte meg arbeidet: Ta klumpar, legge på trillebåra, trille på glatt vandring til tørkeplass, stikke, reise til tørk, ruke og så sette opp brått (stakke). Vinterarbeid å kjøre torva heim.
Arbeidsoppgåvene ved vinna - slåttonna - fekk eg tidleg kjennskap til. Stappa mang ein staur. Lagt på mye tråd. Ljåen har eg vore ein flittig brukar av. Markaslått kunne vera hardt arbeid, men òg finfine stunder der ein opplevde naturen sin rikdom av form, luft, lyd og fargar. Ved ei av dei første uftene med ljåen, sa eit rakstre: Du må slå rett! Å slå rett var å slå til venstre ved ein kjerre. Graset vart liggande i ein ring rundt kjerren. Lett å få tak i med riva. Slo ein til høgre kom graset inn i kjerren og svært møsamt å få tak i for breiing. Med få og korte godversstunda var høying hektisk arbeid. Gode river var til gagn. Med ei god karrive lærte eg meg til å kjemme, få kjemma opp på skuldra og bære den dit den skulle. Til sete, til rundslae for kjøring, stakke eller laue.
Digital 5 uker for
5 kroner
5,-
KJØP
Digital
1 måned
170,-
KJØP