BUSSEN: Farkosten på turen – ein Mercedes-Benz frå omlag 1950 - pause ved Dovregubbens hall. Lite luksus, men god å sitte i, såg godt - også framover, men litt lite med krefter. Foto: Privat
BUSSEN: Farkosten på turen – ein Mercedes-Benz frå omlag 1950 - pause ved Dovregubbens hall. Lite luksus, men god å sitte i, såg godt - også framover, men litt lite med krefter. Foto: Privat

Nåe tå kvart del XI:

Stavangertur

Anders Sakrisvoll vil i Fjell-Ljom presentere en serie med artikler som omhandler minner fra barndommen og opplevelser knyttet til Johan Falkberget. Del elleve heter Stavangertur.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.

I midten av juni 1956 var skoleåret i Skjomen over. Samstundes var det første av i alt vel 30 år i skoleverket for meg kome til ende. Livet måtte gå vidare.

Ved St. Hans-tider 1956 hadde Noregs Ungdomslag landsmøte i Stavanger. Eg meldte meg på ein busstur dit saman med omlag 40 andre ungdomslagsarbeidarar frå Salten, Ofoten og sørlege Troms. Ingen luksustur. Overnatting var på ungdomsherberge eller i gymsalar. Nettene var i eigen sovepose på hardt underlag. Frokost og kveldsmat var enkle greier på staden der vi overnatta. Eit måltid midt på dagen vart ordna etter kvart som vi fòr fram.

Ein lang tur. Opplegget var at vi skulle kjøre så beint som råd var. Mye å sjå av natur og byggverk av mange slag. Svære skiftingar med omsyn til ver og vind. Vegane og utstyret elles vi hadde noe anna enn i dag. For ei tid sidan kalla ein eg snakka med vegen over Valdresflya ein «geitesti». Kva ord ein skal bruke for å karakterisere dei dårlegaste, smalaste, brattaste grusvegane vi kjørte er ukjent for meg. Trim vart det og på oss. Det var ikkje samsvar mellom motorkreftene i buss og last. Spaserturar måtte til. Stallheimskleiva trur eg var slik bit.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud. Se alle abonnementer her.

Digital 5 uker for 5 kroner

5,-

KJØP

Digital
1 måned

170,-

KJØP

Digital
1 år

1800,-

KJØP

Powered by Labrador CMS