ELEVANE: Glåmos Framhaldsskole vinteren 1946/47 på trappa til kommunehuset Glåmstad. Fremst lærar Klaus Langen. 2. rekke f. v.: Steinar Hågensen, John Myran, Anders Vivelstad, Ole T. Sandnes. 3. rekke: Anders Sakrisvoll, Frida Sødahl, Bjørg Næsgård, Agnes Sandnes. Ruth Myran og Ragnar Tamnes er ikkje med. Foto: Privat
Framhaldsskole
Anders Sakrisvoll vil i Fjell-Ljom presentere en serie med artikler som omhandler minner fra barndommen og opplevelser knyttet til Johan Falkberget. Del seks heter Framhaldsskole.
Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.
For meg var 1946-1947 ei minnerik tid. For det første var det svært lite snø den vinteren. Såmmåren 1947 var svært, svært varm og tørr. Vinteren var eg elev ved Glåmos framhaldsskole med Klaus Langen som lærar. Eg «gjekk for presta» og hadde vinteren gjennom saman med elleve andre lese- og samtalestunder med sokneprest Anders Ferinand Andersen Sunde. Konfirmasjonsdagen var 1. juli.
Fram til 1946 var det eit skoleopplegg som vart kalla fortsettelsesskole. Opplegget var for elevar som var ferdig med folkeskolen, men ikkje ville eller realskoleopplegget ikkje passa for. Åra 1946 til på 1960-talet var framhaldsskolen eit nokså fritt skoleopplegg med plass til både teori og praktiske fag.
På 1960-talet kom niårig grunnskole med barne- og ungdomstrinn. Vinteren 1946/47 vart det Glåmos framhaldsskole på meg. Vi var ein klasse på ti elevar. Elevane var: Frå Rugeldal skolekrets - søskena Ruth og John Myran, Steinar Hågensen og Bjørg Næsgård. Frå Glåmos skolekrets - Frida Sødah, Anders Wivelstad og Ragnar Tamnes. Frå Viken skolekrets - Agnes Sandnes, Ole Tronsvang Sandnes og meg.
Digital 5 uker for
5 kroner
5,-
KJØP
Digital
1 måned
170,-
KJØP