KVILSTAD: I dette huset på Glåmos - villaen Kvilstad - budde Josefine Danielsen, hadde bakeri, butikk, dreiv pensjonat, hadde kafe. Under krigen tok ho seg av hjelpetrengande flyktningar. Kilde: Norges bebyggelse
KVILSTAD: I dette huset på Glåmos - villaen Kvilstad - budde Josefine Danielsen, hadde bakeri, butikk, dreiv pensjonat, hadde kafe. Under krigen tok ho seg av hjelpetrengande flyktningar. Kilde: Norges bebyggelse

Nåe tå kvart:

Del III Smørlag – Flyktninghjelp

Anders Sakrisvoll vil i Fjell-Ljom presentere en serie med artikler som omhandler minner fra barndommen og opplevelser knyttet til Johan Falkberget. Del tre heter «Smørlag – Flyktninghjelp».

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.

Glåmos vart eige kommune (herred) frå 1. januar 1926. Johan Falkberget var med i det første herredstyret for Glåmos. Det var òg begge besteforeldra mine. Når dei kom i samtale med kvarandre først på 1930-talet, vart gjerne «Falken» tema. Eg oppfatta ikkje stort av pratinga, men det måtte vera mye rart denne fyren dreiv med. Dårleg arbeidskar? Reiste rundt i landet og var i utlandet i ulike ærend, gjesta bestemte personar, spurte, leita etter ditt og datt i små og store bøker, prata og skreiv. Farfaren min sa: «Han kunne ha arbedd han som anna folk!»

I 1930 og 1940-åra var det smørlag på Glåmos. Etter eit bestemt opplegg leverte produsentane varene sine til smørmottaket. Mottaket var i første høgda i kommunehuset Glåmstad. Det var rom med inngang på høgre hjørne. Som ung fekk eg vera med til Glåmos på noen smør- og handleturar. I tillegg til å levere smøret og handle det som skulle handlast på «samlaget», vart det gjerne ein tur innom tante Kirsti og Mikal. Dei budde like ved jernbaneovergangen.

Frå kjøkeneglaset der hadde vi god oversikt over trafikken i området. Dei fleste kjørarane kom frå sør- eller nordsida av Aursunden. Kalde vinterdagar var det ei oppleving å sjå hestar på rekke og rad nedover Vollgjerdet, høre skåkklokker, gniksing av doningar i trau snø og pesing, sjå dampen steig opp frå svette hestekroppar. Kommentarane av det vi såg var mange. Mikal var framifrå i så måte. Det var om hestane med doning og utstyr, lass og meir eller mindre vinterkledde kjørekarar.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud. Se alle abonnementer her.

Digital 5 uker for 5 kroner

5,-

KJØP

Digital
1 måned

170,-

KJØP

Digital
1 år

1800,-

KJØP

Powered by Labrador CMS