HANDSKRIVE BOKMANUS: Ikkje lett å få ord, uttrykk og setningar på rett plass Foto: Privat
Nåe tå kvart del XVII:
Maskinskriving og korrekturarbeid
I denne utgåva av Nåe tå kvart fortel Anders Sakrisvoll om Johan Falkberget og de som hjalp ham å skrive.
Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.
Opp gjennom åra har eg samla opplysninga om aktiviteten og livet på Ratvolden. Prata med folk. Mye interessant å høre. Små og store hendingar. Her skal eg ta med noe av det som Agnes Falkberget og Berit Elise Sæsbøe Engøy - dotter til Aasta Falkberget Fredriksen - fortalte om arbeidet med det som Johan Falkberget produserte som skribent.
Johan Falkberget sette aldri ein finger på ei skrivemaskin. Pennskaft, pennsplitt, blekkhus og blekk var så absolutt det som passa best, men med kuldegrader kunne ikkje diktarloftet vera rette plassen.
- «I dag er det tolv kuldegrader og jeg er ikke sikker på om jeg sitter innafør eller utafør vegga.» Botnfrose blekk er ubrukande produkt. Blyant – helst kopiblyant – måtte stå til teneste.
Det Falkberget først og fremst produserte på diktarloftet, var innlegg til aviser og blad og så bokmanus. Brev vart skrive der det var stol, bord, noe å skrive med og på. Gjerne på Ratvolden. Breva var som regel greie å koma gjennom. Verre med manus til dikt, nekrologar, omtaler, ulike artiklar og verk. Overstrykingar, nye ord på kryss og tvers, strek og pilar utan noe som helst system. Å få tak i rett ord og få det på rett plass var meir enn vanskeleg. Redaksjonar og forlag nekta og ta mot slike produkt. Skrivemaskindugande personar måtte til. Det var mange som prøvde seg. Noen som hadde lett for å finn eigne ord, forme setningar etter eige smak, prøvde seg. Det gjekk ikkje bra. Agnes og Berit Elise fortalte at - særleg med verka – var Johan nøye med at ord og ordbruk var i samsvar med det språket han brukte. Ein hørte namn og ulike konsekvensar. For noen vart det ingen nye oppdrag.
Digital 5 uker for
5 kroner
5,-
KJØP
Digital
1 måned
170,-
KJØP