Sven Nyhus. Foto: John Ole Morken
Sven Nyhus. Foto: John Ole Morken

I polsens teneste i meir enn 80 år

Me har høyrt om han. Sjølv om han laurdag fyller 90 år, er bogehanda enno like rask som ein ungdom. Likeså fingrane som leikar over gripebrettet på fela. Slåttane han lærde som liten gut er enno noko av den gjævaste musikken han veit om.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.

Sven Nyhus frå Glåmos har sett varige spor etter seg. Det er vel ikkje å ta for hardt i at han er ein av dei fremste spelemennene me nokon gong har hatt her til lands. Me som høyrer til sjangeren norsk folkemusikk har mykje å takka Sven for. Han har hatt ein finger med i spelet i det meste, og vore med og tråkka opp stiar for mange felespelarar. For sin store innsats vart Sven i 2002 utnemnt som kommandør av St. Olavs orden.

Når ein les om alt Sven har gjort gjennom livet, blir ein fort imponert, for det er store ting han har fått utretta. Han har gjeve ut fleire bøker og notesamlingar, gjeve ut ei mengd med plater, vore solobratsjist i Nationaltheatrets orkester, Den norske Operas orkester og Kringkastingsorkesteret, og han krona orkesterkarrieren i Oslo-Filharmonien der han i fleire år var alternerande solobratsjist.

Han var på 1970-talet tilsett ved Norsk folkemusikksamling der han fullførte sjubandsverket Norsk folkemusikk, populært kalla Hardingfeleverket. Seinare vart han sjef for folkemusikkavdelinga i NRK, før han avslutta yrkeskarrieren som professor ved Noregs Musikkhøgskole, der han starta og leia folkemusikkstudiet. Feire kjenner han som programleiar frå talrike tv- og radio-program på NRK, og rundt om i heile Noreg har han spela konsertar og halde seminar og kurs. Og, at han er far til den nydelege valsen «Bergrosa».

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud. Se alle abonnementer her.

Digital 5 uker for 5 kroner

5,-

KJØP

Digital
1 måned

170,-

KJØP

Digital
1 år

1800,-

KJØP

Powered by Labrador CMS