Reidar Laulo (1934-2025)
Ordkunstnar, stadnamnsamlar og finmekanikar
Reidar Laulo (1934-2025)
Nils Kåre Nesvold
Han mellom mange var ein som eg fekk gleda av å bli kjent
med som nytilflytta på Røros i 2007. For i Lauloheimen på Stormoen fanst det eit
storveges dugnadsarbeid, ei ordsamling som Reidar Laulo og Ole Christen Haanæs
meinte eg burde sjå.
Det vart eit avgjerande møte på fleire vis. Interessa for
ord og sørmerkte vendingar førde til samarbeid og mange gledesstunder i lystig
lag. Var det noe i rørosmålet som ein undrast på, var det berre å gå dit, der
fleire med same interesse ofte dukka opp. Lis serverte kaffe, og kulturhistorie
og lokalkunnskap vart formidla så fargerikt og levande som det knapt fanst make
til.
Og ikkje berre det: Her var det hjelp å få med klokker som
fuska og sto, og ur som trong oppussing. På vegger rundt om heng mangt eit
slagur med teksta «Tempus fugit» og fortel miskunslaust at tida går.
Digital 5 uker for
5 kroner
5,-
KJØP
Digital
1 måned
170,-
KJØP