Ny Gauldalsløype - for skigåarar?

Gauldalsløypa er tema i lesebrevet fra Reidar Mylius

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.

Holtålen kommunestyre vedtok 17. desember i fjor lokal forskrift som åpnar for «Gauldalsløypa», en snøscooterløype-trasé for rekreasjons-/fornøyelseskjøring, og som ligg på og nær Riastvegen. Er merksam på at vedtaket er påklaga, men tek likevel utgangspunktet mitt i vedtaket slik det no vart, uansett at eg ikkje er samd i det. For eg aksepterer godt andre (og nyare) fritidsinteresser enn mine, og at det tilrettteleggest også for desse. Men det må gjerast på konflikt-dempande vis. Ikkje som her, der dårleg handverk frå scooter-interesser, kommuneadministrasjon og politikarar har nøra-opp konflikt-nivået og skvisa-ut ei populær turskiløype etter vegen Målåseteret – Hovsbua. Til tross for advarslar og gode skriftlege vegleiarar, har sakbehandlinga, ifgj, statsforvaltaren (fylkesmannen), vore både mangelfull og kritikkverdig. Av den grunn har det vorte reine «ørkenvandringa».

Skal ikkje her rippe opp-att i graverande manglar og feil, det er utførleg kommentert av andre i andre innlegg, berre dvele ved det fantastiske at det ikkje vart søkt tidleg kontakt og samarbeid med turforeninga, som årevis har tilrettelagt og prepart skiløype over 8 km etter vegen. Strekninga har vore det slakaste og mest familie-venlege skisporet i det løypenettet som har vore planlagt og kartfesta med kommunens (stilltiande?) aksept frå først på 2000-talet. I same traseen er det no oppretta ei kommunal ferdselsåre, der kommunen prioriterer snøscooter-basert rekreasjon framfor ski-basert, ikkje mindre enn eit «ran»! Nærføring av dei to løypetypane er ikkje trivselsfremmande for noen av partane; eksempelvis utryggleiksjensle (ulykkesrisiko/ansvar) og støy/eksos. Det skulle difor heilt frå starten ha vore arbeidd med atskilte traséar Målåseteret – Hovsbua. Fremma konkret forslag om det i den første høringa, det vart ikkje eingong seriøst vurdert. Men det er fullt mogleg. Går nok ikkje på heile strekninga å nå anbefalinga i Miljøverndirektoratet sin vegleiar frå 2018, om minst 450 m avstand for å unngå risiko for støy over 40 deciBell i viktige friluftsområder.

I kommunestyrevedtaket er hengt-på eit pkt. 3: «Det igangsettes en prosess for å se på en helhetlig løypeplan i Holtålen kommune.» Eg ropar ut, endeleg!!! Det er da der det heile skulle ha starta, for seinast fem-seks år sidan. Har vore brakt i forslag fleire gonger, men for «dauve øre».

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud. Se alle abonnementer her.

Digital 5 uker for 5 kroner

5,-

KJØP

Digital
1 måned

170,-

KJØP

Digital
1 år

1800,-

KJØP

Powered by Labrador CMS