JUBILEUM: Første 1. juni i år er det 75 år sea desse vart konfirmert i Glåmos kjerke med Anders Ferdinand Andersen Sunde som prest. 1. rekke f.v: Jorun Kirkbakk, Kristine Sandkjernan, Anders F. A. Sunde, Jorunn Bekkos, Frida Sødahl. 2. rekke: John Myran, Johannes Tamnes, Steinar Hågensen, Erling Kirbakk, Anders Sakrisvoll, Leif Ingemar Jensvold, Rolf Holst, Johan Martin Hellesfjord og Sven Nyhus. Foto: Privat
JUBILEUM: Første 1. juni i år er det 75 år sea desse vart konfirmert i Glåmos kjerke med Anders Ferdinand Andersen Sunde som prest. 1. rekke f.v: Jorun Kirkbakk, Kristine Sandkjernan, Anders F. A. Sunde, Jorunn Bekkos, Frida Sødahl. 2. rekke: John Myran, Johannes Tamnes, Steinar Hågensen, Erling Kirbakk, Anders Sakrisvoll, Leif Ingemar Jensvold, Rolf Holst, Johan Martin Hellesfjord og Sven Nyhus. Foto: Privat

Nåe tå kvart del VII:

Konfirmasjon

Anders Sakrisvoll vil i Fjell-Ljom presentere en serie med artikler som omhandler minner fra barndommen og opplevelser knyttet til Johan Falkberget. Del sju heter konfirmasjon.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er to år eller eldre. Noen opplysninger kan være utdaterte.

Med til dei opplevingar som gjorde at tida 1946/47 var ei minnerik tid, var at i tillegg til framhaldsskole skulle eg «gå for presta» om vinteren med konfirmasjon våren 1947. «Å gå for presta» var at konfirmantane hadde timar med sokneprest Anders Ferdinand Andersen Sunde. Kor mange veit eg ikkje. Timane var i eit av klasseromma ved Glåmos skole. Med til konfirmantførebuinga var og å møte til gudstenester gjennom vinteren.

Hausten 1946 kom det lite snø og kuldgradene mange og i fleire dagar. Isen på Aursunden trygg og blank. Det ein hadde av gamaldagse skeiser kom fram. Flittig brukt i fleire veker. Sist på november var det veromslag. Mildver med regn i noen dagar. Isen endra seg, vart ujamn, råker på faste plassar med oppåvatning. Det skulle vera gudsteneste i Glåmos kjerke. Som konfirmant skulle ein helst dit. Eg tok skeisene. Om farten ikkje var så stor med dei fastreima skeisene på beina så vart det hekting og stup. Konfirmanten sklei bortover isen i det småbårande oppåvatnet. Neste var å koma seg på skeisene att, kome seg til Naustret, gå nedover Kuråsen til kjerka, ta plass på benk lengst framme. Eg likte ikkje situasjonen. Det draup og det sikla. Sikkert den blautaste personen som noen gong har vore til stades ved ei gudstenerste i Glåmos kjerke. For heimturen kan ein bruke lærar Odden sine ord: Intet uhell inntraff!

Det var ikkje berre eg son vart blaut på grunn av dårleg is på Aursunden den helga. Anders O. Odden (Odd-Annirs) med Olga som passasjer skulle på motorsykkel kjøre frå Ditlovika til Nausteret. Utafor Klemmetvollen hadde mildveret ført til råk. Anders med Olga hamna i råka, men grunt og rask handling klarte dei seg. Ryggsekken som Olga hadde med seg, datt tå og hamna under isen. Dagen etter hadde Anders med seg utstyr og berga sekken.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud. Se alle abonnementer her.

Digital 5 uker for 5 kroner

5,-

KJØP

Digital
1 måned

170,-

KJØP

Digital
1 år

1800,-

KJØP

Powered by Labrador CMS