Til minne om Nanna Mylius
 (1939-2026)

Nanna Mylius

Til minne om Nanna Mylius, som gjekk ut av tida 30. juli, knapt 87 år gamal.

Publisert Sist oppdatert

Ho var eit sterkt menneske og eit arbeidsjern til høgt opp i alderdomen, men kreft og lårbeinsbrot knekte henne nedåt på fire-fem månader.

Født på nybrottsbruket «Lyngan i Dalsbygda som nr. tri i ein søskenflokk på seks, tri jenter før 2. verdskrigen og tri gutar etter krigen. Éi søster og to brør er attlevande, og ho etterlét seg ektemake, tri born, sju borne-born og til sist fekk ho oppleva to olde-born. Ei «olde-dotter» ber med seg Nanna-namnet vidare.

Da det var jentene som var eldste arbeidshjelpa heime, vart det i barne- og tidlege ungdomsår mye kroppsarbeid på nybrottsbruket, både inne og ute, og det var jentene som først òg måtte trø-til med knog i skogen dei kvardagane dei ikkje gjekk på skulen.

Etter folkeskule, 1948-54, framhaldsskule, 1953/54, og pleiearbeid på ein nabogard, hadde ho den første sjukehus-praksisen sin på Røros. Deretter husmorskule på Alvdal før yrkesutdanning med pliktår ved Fylkessykehuset for Hedmark i Elverum.

Nanna kom til Trondheim i 1963, og starta der ein over 13 års sjukepleiar-karrière ved da-nemnte Sentralsykehuset i Trondheim, no St. Olavs Hospital. Ho gifta seg året etter, og dei vart med kvart ein kjernefamilie på fem, med Reidar jr. 1964, Kjellrun 1966 og Jogeir 1967.

I august 1976 flytta familien til Ålen, og ho fortsette karrièren samanhengande i godt over 30 år, frå Ålen Aldershjem i Renbygda, via aldersinstitusjon i Haltdalen og til i ulike funksjonar i det som skulle utvikle seg til Helsetunet i Ålen. Éin periode var ho avdelingsstyrar, men trivdes betre med helsestell enn kontor- og papirarbeid. Heldt fram med å ta vakter i mange år etter pensjoneringa i 2006.

Nanna var fysisk og psykisk sterkt utrusta og var lett på foten og skarp til sinns til langt utpå siste vinteren, men så kom det helsesvikt, og det vart frå påska av inn og ut av sjukehus, både St. Olav, Tynset og Røros. Dei siste par vekene var ho på Sykehjemmet i Ålen, så ringen var slutta frå mangeårig arbeidsplass til pasient.

Nanna var eit ja-menneske og veldig sosial, det vitnar over 320 kondolansar på minnesida om. Ho var svært familiekjær og slektsbevisst, var tante til 16, og ho pleide kontakten med slekta, og heldt reide på gebursdagane med merksemnder, heilt til det siste. Ho var samfunnsengasjert, men ikkje partipolitisk aktiv. Frivilligarbeid og egenaktivitet motiverte henne sterkt, og for Ålen Idrettslag stilte ho opp både som aktiv og i støtteapparatet i fleire grupper, særleg orientering og ski. Men den største frivillige innsatsen la ho ned i etableringa og drifta av Ålen Boccia-klubb, bl.a. i arrangementer av store nasjonale stevne over ein 15-årsperiode.

Nanna var glad i og ei stor drivkraft i heimen, med sying og lapping av eigne og andre sine klede, strikking til heile slekta, og oldeborna vart rikeleg påtenkte med strikkaplagg heilt til det siste. Ho var dugeleg med sunn og variert matlaging, og hadde stor glede og nytte av hausting frå naturen, særleg mat-auk med bær, fisk og vilt-kjøtt. Jakt-interessa hadde ho frå faren og brørne, men jakta ikkje med våpen sjøl. Villreinjakta i haust-fjellet var høgdepunkta, og ho kunne sjå reinen med «blotte auga» før andre oppdaga han i kikkertane! Ivaretaking av vilt-kjøttet var ho ekspert på. Den intense interessa for naturen og friluftslivet toppa seg i Kjurrudalen, med minna som born og budeie på setra og mange, mange opphald på hytta der.

Nanna var særs raus med gaver, gjerne store pengegaver både til born og borne-born. Dei sist nemnte vart tilgodesett med langvarige spare-opplegg, og ho ga fast støtte til fleire veldedige organisasjonar. Ho var òg oppteken av song, musikk og ikkje minst dans, frå dei første pols-øvingane med søstrene rundt stugubordet heime og til 14 års samanhengande glede, heilt til sist vinter, på senior-dansen.

I takksemd for 62 års samliv!

Powered by Labrador CMS