Det gode liv: Av Ivar A. Vaa (bilde mangler) |
Stille dalar snøen ned . Feite store snøfiller. Som filt, som lyddemparar, som gledesbrev for oss som går og kriblar etter vinter. Det har akkurat starta å snø når eg sitt her og skriv. Sjølv om det er optimistisk å tru at det vil bli noko vinterføre snart, trur eg det kan skje. Jammen trur eg det. Denne hausten har det vore lite vintervær og bakken har vore bar mest heile tida. Likevel er det lov å håpe. Det er så fort gjort å bli hengande fast i ei innstilling til livet som at «vi trur det ikkje før vi ser det,». eller «det er blåøgd og mangel på jordkontakt å håpe slikt når ikkje værmeldinga ein gong seier det.»
Optimisme er i grunnen mindre sannsynleg enn pessimisme kan ein få inntrykk av. Optimisme, urealistiske idear og tankar har liksom ikkje hold i virkelegheten det. Pessimisme og misstru til positive ønskjer og idear florerar derimot ofte blant oss og får godt fotfeste i kvardagspraten vår. Dette likar eg personleg dårleg. De kan få høyre kvifor eg synest akkurat det.
For det fyrste har eg det slik folkens at det virkar ulikt på meg å samspele med dei som ønskjer noko enn dei som meiner det går gale. Eg blir ofte glad, kjenner eg, av å håpe, vente på noko godt som kanskje kjem, samt lage fantasiar om kva vi kan gjera dersom det skulle gå godt. Desse fantasiane kan vi jo bruke om det skulle slå til. Men eg blir urolig, trist og utillpass om eg går i gang med å førebu meg på at det går dårleg. Det er ikkje godt for meg å forsvare meg mot det eg ikkje ønskjer. Det kjennast annleis å ville noko. Somme tider kan den sure delen av meg få stort overtak og bruke opp all tida mi på å finne fram til kva som står i vegen for det eg har lyst til å gjera. Då lyt eg dra meg sjølv i håret og si ifrå til meg sjølv at det er tid for å slutte med det. Finn deg nokon som vil , bli med på det gode.
No havna eg langt unna snøen som dalar ned og får meg til å drøyme om skiturar, men kanskje har eg uttrykt at eg ihar lyst til å vera fullt av håp og planer.
Såleis passar det godt å avslutte med noko heilt anna, men som likevel kan vera ein slags konklusjon på dette. I desse dagar ligg det innbetaling av kontingent til løypeforeninga i postkassa. Send pengar. Sjølv om det ikkje har kome snø enda arbeider desse ildsjelene jamt og trutt og trur og vil at det skal bli skiløyper når snøen kjem. Og snøen kjem det er no heilt sikkert.