Annonsering  |  Abonnement  |  Om oss  |  Vår historie  |  Kontakt oss  |  Linker
Lokalavisa for Røros – grunnlagt 1886
Torsdag 2. september
 
Bestille abonnement?

Velg abonnementstype:

Navn:

Adresse:

Postnr.:  Sted:

Telefon/e-post:

 

2. september
26. august
Tidligere utgaver
Hent artikkelliste fra arkivet...
 
Søk i Fjell-Ljoms nyhetsarkiv:
 
Kvifor går alle på ski?

Det gjer dei vel ikkje, men i påska, mange i alle fall…
Lyset er mykje lengre her no enn for nokre veker sidan. Lampa på trappa kan kvile meir. For kvar dag som går er morgonane lysare. For kvar ettermiddag, på den andre sida av dagen, taper ikkje lyset før langt ut i barne-TV. Det gjer godt at det er slik. For meg er det herleg. Men i somme hus ser eg at gardinene er trekt for. Så ikkje sola skal vera så ekkel kanskje, eller at utsynet ikkje skal bli påtrengande. Eg har ikkkje noko svar, men vi som veit best må lære oss å sjå at andre, som løyser det på anna vis, også har rett. No er det snart påske og nokre dagar vi rår over til å eta maripan, brenne bål og sjå krim på TV i.
Det kunne vore interessant å få veta meir om kvifor det i dette landet er slik at alle skal gå på ski når det er påske. Det er for meg forståeleg at skigåing, skileik av alle slag kombinert med friluftsliv og solskinn med appelsiner, er godt både for kroppen og sjela. Er det utvikla eit samspel med naturen som har resultert i at vi går på to meter lange plankar med krok framme gjennom snjoen som den mest praktiske ordninga? Kanskje. Eller kan det vera slik at det har vore så fint å leike seg at folk har samlast om skigåing som aktivitet av den grunn? Det trur eg er grunnen.
Født med ski på beina veit du vi er ikkje. Bokstaveleg talt er det sjølvsagt lett å sjå. Men beina våre i denne samanhengen er vel forbilda våre si interesse for ein aktivitet. Sosialt miljø skaper kompetanse kan ein vel si. Derfor blir skiaktivitet i denne samanhengen berre eit døme på at ein i gode sosiale miljø kan dyrke fram evner og ferdighetar hjå kvarandre som kvar og ein ikkje vil få til åleine. Slik trur eg det er og framleis kjem til å bli. Eg har forresten også ein tanke om at det ikkje utan vidare er slik at vi som har levd lenger enn dei som har levd kortare tid var flinkare til å stå på ski. Vi hugsar berre det som var bra. Aldri har hopparar hoppa så godt på ski, aldri har langrennsløparar gått så fort som no o.s.b. Men aldri i livet om dei ville gjort det med skia og løypene til Halgeir Brenden. Slik er det kanskje. Vi blir gode på det vi øver på. Alt er relativt og alt til sin tid. Likevel. No er det snart påske og bål i kvar snjoskavvel.



© Alle rettigheter reservert Fjell-Ljom og AS Avisdrift.
Enhver kopiering av innholdet på disse sidene skal avtales med rettighetshaver.
Webutgaven publiseres av avisas redaksjon i system levert av Maxus Media